torsdag 25. september 2008

Bruk av IKT i skulen

For å komme i gang med bloggen har eg surfa litt på nettet. Kanskje det ligg nokre tips der ute? Korleis skal ein slik fagleg blogg sjå ut? Noko av det fyrste eg gjorde var å finne min eigen barneskule; http://www.vassenden.skule.no/. På denne sida var det fleire lenkjer for elevane der dei kunne klikke seg vidare til faglege sider som gruble.net, kunnskap.no osv. Alle skular har ei slik heimeside der både elevar, foreldre og lærara kan finne informasjon om sin eigen skule og andre nyttige lenkjer. Er det slik, eller noko tilsvarande, vår norsk2blogg skal sjå ut?
Eg vonar at eg med litt meir forsking finn tips om bruk av IKT i skulen.

tirsdag 23. september 2008

Wow!!

Herlig! Min fyrste blogg! Og slik at dåkke veit det; den blir på nynorsk!