søndag 19. oktober 2008

Blogging i skulen

Gjennom Lena sin blogg fann eg "Tanketråder", ein blogg laga av Ingunn Kjøl Wiig. Ho er lektor ved Sandvika vidaregåande skule. Wiig skriv mykje om IKT og skule. Sida har også mange gode lenkjer. Blant anna får vi sjå inn i hennar klasse, DigiTalt. Dei har byrja å blogge og brukar dette som eit undervisningsrom. Her blir oppgåver formidla, informasjon gitt osv. Verdt eit besøk! I Ingunn Kjøl Wiig skriv om kvifor elevane skal blogge og kva hjelpemiddel blogginga er for læraren:
For meg som lærer er bloggene deres et hjelpemiddel til å:
  • få et riktigere/bredere inntrykk av de "stille" elevene
  • skape et annet forum enn klasserommet for å kunne gi andre typer tilbakemeldinger
  • legge til rette for å utvikle elevenes digitale kompetanse
  • gi opplæring i utvikling av sammensatte tekster
  • bruke bloggen som en del av vurderingsgrunnlaget i norsk skriftlig
  • få en samlet dokumentasjon av hva eleven har jobbet med over tid
  • bruke blogginnlegg som grunnlag for diskusjoner i klassen
  • bruke blogginnlegg som utgangspunkt for muntlig eksamen
Med hjelp av Lena og Ingunn Kjøl Wiig har eg funne ein optimal blogg å sjå og lære av! Vi får innblikk i bruk av IKT i skulen på ordentleg. Ved å trykke og leite fram og tilbake i Tanketråder fekk eg mange nyttige tips. Eg skreiv ein kommentar til eit av innlegga i tankerådet og Ingunn K. Wiig var glad at vi studentar kunne ha nytte av hennar blogg. Så gå å sjå på Tankerådet og DigiTalt alle mann!



søndag 12. oktober 2008

Kopiering og plagiat

I dag har alle PC. I kvar heim er det opptil fleire maskiner. Kun eit tastetrykk og du surfar på eit hav av informasjon, tips, fakta, videoar og publiseringar. Det er uforskamma lett å kopiere andre sitt arbeid. Det er lett å surfe for å få tilgang til informasjon. Og istaden for å "tenke" sjølv, tar ein heller ein snarveg og kopierar. Dette veit vi alle av erfaring.. Når informasjonen ligg eit tastetrykk unna, er det ganske fristande. Er dette eit større problem enn mange lærar er klar over?

Då eg gjekk på vidaregåande, var det fleire som sendte sin besvarelse over msn og samanlikna, utan at lærarar fikk det med seg. Dette hendte både på prøver og eksamen! Dette er 7 år sidan, og eg vonar og trur kompetansen og kunnskapen er komen lengre i dag. Med det er likevel ein tankevekkar på at ikt kompetansen bør opp på eit høgare nivå slik at ein får tatt dei som tar snarvegar. Elevar er jo ofte mykje meir dataflinke enn lærarar. Eg er sjølv tante til ungar på 9 og 7 år. Begge er utruleg gode på IKT, ofte har dei meir kunnskap enn meg på fleire områder. I dag er det ein heilt anna kultur innanfor IKT enn det var då vi vaks opp. Lærarar som bevisst unngår bruk av IKT i skulen i dag lurer kun seg sjølv. Som lærar bør vi vel heller ligge eit steg førut enn på etterskot!

"Hvem, hva, hvor?"



Ikkje lett, for ein fersking, å finna gode faglege innlegg om IKT i skulen. Leitar og googlar, men endar alltid opp med å lese andre sine innlegg eller gå til Norsk2-weben. På sistnemde fann eg blant anna masse nyttig faktastoff til bruk i undervisning, men kanskje ikkje spesifikt til IKT-bruk.

fredag 10. oktober 2008

Ny ordning anno 2008; PC på eksamen


No er den komen! Ei ny ordning der elevar i grunnskulen faktisk kan bruke PC på eksamen.

Det har lenge vore mas om å bruke IKT i skulen, og desto meir klaging når det kjem til eksamen og penn og papir må takast i bruk. "Dobbelmoral!", skrik 15 åringane. Men no er det altså slik at dette er endra; på eksamensdagen er alle hjelpemidlar tillat. Inkuldert PC. Datamaskinene kan ikkje ha tilgang til internett eller andre hjelpemidlar som tillet kommunikasjon mellom elevane eller omverda. Dette er bra! Ordninga er også ny når det gjeld hovudmål og sidemål. Det skal ikkje lenger vere to dagar med norskeksamen for 10. trinn. No er det ein dag, med begge målformene i same oppgåve. Les meir på Udir.no.

torsdag 25. september 2008

Bruk av IKT i skulen

For å komme i gang med bloggen har eg surfa litt på nettet. Kanskje det ligg nokre tips der ute? Korleis skal ein slik fagleg blogg sjå ut? Noko av det fyrste eg gjorde var å finne min eigen barneskule; http://www.vassenden.skule.no/. På denne sida var det fleire lenkjer for elevane der dei kunne klikke seg vidare til faglege sider som gruble.net, kunnskap.no osv. Alle skular har ei slik heimeside der både elevar, foreldre og lærara kan finne informasjon om sin eigen skule og andre nyttige lenkjer. Er det slik, eller noko tilsvarande, vår norsk2blogg skal sjå ut?
Eg vonar at eg med litt meir forsking finn tips om bruk av IKT i skulen.

tirsdag 23. september 2008

Wow!!

Herlig! Min fyrste blogg! Og slik at dåkke veit det; den blir på nynorsk!