søndag 12. oktober 2008

Kopiering og plagiat

I dag har alle PC. I kvar heim er det opptil fleire maskiner. Kun eit tastetrykk og du surfar på eit hav av informasjon, tips, fakta, videoar og publiseringar. Det er uforskamma lett å kopiere andre sitt arbeid. Det er lett å surfe for å få tilgang til informasjon. Og istaden for å "tenke" sjølv, tar ein heller ein snarveg og kopierar. Dette veit vi alle av erfaring.. Når informasjonen ligg eit tastetrykk unna, er det ganske fristande. Er dette eit større problem enn mange lærar er klar over?

Då eg gjekk på vidaregåande, var det fleire som sendte sin besvarelse over msn og samanlikna, utan at lærarar fikk det med seg. Dette hendte både på prøver og eksamen! Dette er 7 år sidan, og eg vonar og trur kompetansen og kunnskapen er komen lengre i dag. Med det er likevel ein tankevekkar på at ikt kompetansen bør opp på eit høgare nivå slik at ein får tatt dei som tar snarvegar. Elevar er jo ofte mykje meir dataflinke enn lærarar. Eg er sjølv tante til ungar på 9 og 7 år. Begge er utruleg gode på IKT, ofte har dei meir kunnskap enn meg på fleire områder. I dag er det ein heilt anna kultur innanfor IKT enn det var då vi vaks opp. Lærarar som bevisst unngår bruk av IKT i skulen i dag lurer kun seg sjølv. Som lærar bør vi vel heller ligge eit steg førut enn på etterskot!

5 kommentarer:

Bente sa...

Enig, men hvordan skal vi klare å ligge et steg foran? IKT kompetansen blant lærerstudenter er ikke nødvendigvis høy. I grunnutdanningen fokuserer vi i stor grad på å få til våre arbeidskrav som krever IKT. Hvor mange av oss har vel kjøpt en bok som forteller oss noe om kilderett og opphavsrett på Internett (før dette studiet)?

Annette sa...

Det krev ein del innsats ja. Men pga av arbeidskrava og pensumbøkene er vi på veg. Eg lærer stadig nye ting. Og eg trur neppe min kompetanse nokon gong blir høg nok. Heretter må vi ha auger og alle kunnskapssenorane våre ute!

Bente sa...

Jeg lærer også mye nytt nå, og prøver masse som jeg leser om i bøkene. Men det er alt for mange som ikke tar noen utdannelse innen IKT.

Blir litt engasjert og bekymret når jeg tenker på dette.

Thomas sa...

Etikk og haldningar lar seg ikkje preike inn, slikt må lærast i praksis.

Ein gammaldags skule med formidlingspedagogikk og tradisjonelle prøvar der reproduksjon av kunnskap er målet, vil slite, også med IKT-bruk og kopiering.

Ein skule som tek elevane, pedagogikken og IKT alvorleg, vil utfordre med oppgåver der rettleiing, refleksjon og samansette unike uttrykk inngår. Då vil elevane naturleg referere til andre sine tankar som opphav til eigne "produkt".

Susann sa...

Vi har en kjempeoppgave her, å klare å komme elevene i forkjøpet. Det er vel ikke et realistisk mål å klare å være et steg foran på alle fronter, men all kunnskap vi har om emnet vil hjelpe oss til å rette fokus mot utfordringene som dukker opp. Så ja vi må nok våre våkne å ha ører å øyne på stilk slik at vi fanger opp mest mulig av det som foregår.