No er den komen! Ei ny ordning der elevar i grunnskulen faktisk kan bruke PC på eksamen.
Det har lenge vore mas om å bruke IKT i skulen, og desto meir klaging når det kjem til eksamen og penn og papir må takast i bruk. "Dobbelmoral!", skrik 15 åringane. Men no er det altså slik at dette er endra; på eksamensdagen er alle hjelpemidlar tillat. Inkuldert PC. Datamaskinene kan ikkje ha tilgang til internett eller andre hjelpemidlar som tillet kommunikasjon mellom elevane eller omverda. Dette er bra! Ordninga er også ny når det gjeld hovudmål og sidemål. Det skal ikkje lenger vere to dagar med norskeksamen for 10. trinn. No er det ein dag, med begge målformene i same oppgåve. Les meir på Udir.no.
3 kommentarer:
Kvifor kan bruk av pc som skriveverkty på eksamen vere bra?
Dagens ungdom er meir vant med å bruke data i kvardagen enn å skrive for hand. Brukar mindre mental kapasitet, trur mange må konsentrere seg ekstra mykje når dei skriv for hand. Det er også lettare å få oversikt i eit worddokument, enn på fleire handskrivne sider.
Det er vell å bra at elevene får bruke PC på eksamen. Men hva blir det med å bruke handskrifta. Kanske vi er inne på en farlig vei? det kan kanske bli slik at elevene ikke kan skrive for hand?
Legg inn en kommentar